U40 Gloppen
28. November
19:00
Spire Kontorfelleskap

Kven kan være ein ekte Gløppar?

Bilde av Spire i kjend stil

Gløppar, kven (eller kva) er det? Korleis ser bygdedyret eigentleg ut? Må bygda dø, og er det berre bønder som lengtar heim?

Vi henta inn ekspertise! For å finne svar har vi skvisa oss inn i tidsklemma til UIO-forskar Tom Bratrud. Bygdaguten frå Valdres har ei seriøst respektabel publikasjons-portefølje, og kjem eins ærend opp for å ause fagstoff over oss.

Det vert, som vanleg, nett høveleg U40-servering og kanskje skrensar lokal politikar-elite innom òg.

Sjå hendinga på fjesboka

Legg hendinga til kalenderen din